Praktisk berekraft
Synes du berekraftsarbeid høyres komplisert, dyrt og arbeidskrevjande ut? Vårt mål er å gjere det enklare, slik at fleire små og mellomstore bedrifter lukkast. No kan også du kome i gang. Verdien er styrka konkurransekraft, kvalitet og kundelojalitet.
Vi hjelper med å
Få ein kickstart i arbeidet - enkelt, praktisk og hurtig!
Tilbakemeldingar
frå tidlegare deltakarar:
-Eg likte at det var enkelt, praktisk og effektivt. Det betyr mykje i ein hektisk kvardag!
-Vi sit att med nødvendig kunnskap som vi treng og oversikt som vi mangla.
Start med felleskurs, gå vidare med fullt fokus på eiga verksemd
GRATIS FELLESKURS
Modul 1
Workshop I EIGA VERKSEMD
Modul 2
RAPPORTERE OG KOMMUNISERE
Om prosjektet og pris
Gratis modul 1: Bedriftene blir invitert til å delta gratis på det grunnleggande kurset (fellessamling).
Pris for modul 2 og 3: Dersom bedrifta vel å gå vidare med modulane 2 og 3 (individuell oppfølging), er totalprisen for bedrifta kr. 24.500,- ex. mva.
Dette er ein rabattert pris, der ein stor del av kostnaden blir dekka gjennom gåvemidlar frå Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane og Sunnfjord Utvikling.
Synes du dette høyres relevant ut for di verksemd? Ta kontakt med Bente Hauge om du ønskjer meir informasjon.
Ressursbruk: For alle tre modulane vil det gå med inntil to dagar totalt på deltaking i kurs, workshop og individuell oppfølging.
Målgruppe: Kurset er retta mot dagleg leiar saman med eit par av dei tilsette. Ta gjerne med styreleiar.
Målsetning: I samband med «Grøn region Fjordane» arbeider Sunnfjord Utvikling for å bidra til omstilling i det lokale næringslivet. Dette prosjektet skal bidra til at bedrifter meir effektivt skal kome i gang og lukkast med berekraft i tråd med nye krav og forventningar. Det vil styrke selskapet si konkurransekraft.
Om kurshaldarane
Anne Mette Hjelle er eigar av YMSIR AS og har lang erfaring frå media, kommunikasjon og leiing.
Ho har vore kommunikasjonsdirektør i Lotteri- og stiftelsestilsynet i ti år og har erfaring frå ei rekke styreverv.
Dei seinare åra har ho spesialisert seg på berekraft og ho er i dag godkjent Miljøfyrtårn-konsulent.
Hennar område er endringsleiing, styrearbeid, berekraft og kommunikasjon. (Les meir på LinkedIn).
Aud Ingrid Espeland er underleverandør i YMSIR AS. Ho er partnar i Vestind AS og har lang erfaring frå selskapsleiing, kapitalforvaltning og eigarstyring.
Ho har vore banksjef i Fjaler Sparebank og revisor i PwC.
Dei seinare åra har ho spesialisert seg på berekraft.
Hennar område er leiing, styrearbeid, berekraft, finansiering og økonomistyring. Les meir på LinkedIn).
Dette seier tidlegare deltakarar
Laila Helgheim
CEO/Dagleg leiar
Proresult AS
Dette traff oss veldig bra, særleg fordi vi har jobba med og implementert bærekraftsmål i ny strategi. I tillegg er vi i gang med Miljøfyrtårnsertifisering, og har hatt stor fordel av å ta kursmodulane parallelt med sertifisering. Vi fekk god innføring i berekraft på ein enkel og effektiv måte av kunnskapsrike og dyktige kurshaldarar. Vi likte også at vi jobba med konkrete tiltak knytta til overordna mål. Rapporten er eit kvalitetsverktøy for oppfølging og kommunikasjon, både internt og eksternt. Anbefales!
Eirik Flatjord
Eigar/dagleg leiar
Puls Førde AS
Kurset og workshopen motiverte oss! Vi forstår no betre kva berekraft går i. No veit vi også kva vi har og kva som er viktig for oss å jobbe med framover.
Eg likte at det var enkelt, praktisk og effektivt. Det betyr mykje i ein hektisk kvardag!
Pål Anders Kårstad
Dagleg leiar
Peak Property AS
Vi lærte mykje av å gjennomføre modulane. Vi sit att med nødvendig kunnskap som vi treng og oversikt som vi mangla.
Det er også veldig bra at vi no har ein konkret statusrapport som vi kan dele med våre kundar og andre aktuelle interessentar. Ymsir gjennomfører på ein effektiv og god måte, noko som vi og verdset.
Bli med du også!
For meir informasjon, kontakt:
Bente Hauge, Sunnfjord Utvikling AS
Anne Mette Hjelle, Ymsir AS